I 1897 fløymde elva over, og alle seks bruene over henne vart skada eller øydelagde. Hamna ved elvemunningen vart også vaska bort og aldri bygd opp att.
Elva er ein populær stad for fritids- og rekreasjonsaktivitetar. Dei steile vertikale «paapa»-(leir)klippene (unike i denne delen av New Zealand) og djupe elvegjel sørgjer for perfekte tilhøve for ekstremopplevingar som strikkhopp og liknande aktivitetar. Gravity Canyon ved Mokai er ein verdskjend attraksjon.[1] Delar av Rangitikei vart bruka som Anduin-elva av filmregissøren Peter Jackson i den første filmen om Ringdrotten, Ringens brorlag.