Ralph Rinzler (20. juli 1934–2. juli 1994) var ein USA-amerikansk mandolinist, visesongar og delaktig i skipinga av den årlege Smithsonian Folklife Festival på The Mall kvar sommar i Washington, D.C., der han arbeidde som kurator for amerikansk kunst, musikk og folkekultur ved Smithsonian Institution.[1] Denne festivalen har frå byrjinga av vore ei stor hending for amerikanske folkemusikarar..[2]
Rinzler spelte mandolin i fleire folkemusikkgrupper i midten og slutten av 1950-åra og vart etter kvart med i det kjende Greenbriar Boys, som spelte inn fleire suksessrike plater.[3] Han spelte òg på mange andre sine album, inkludert Joan Baez, Clarence Ashley og han vann ein grammypris for arbeidet sitt som produsent.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff