«Rain of Revolution» (norsk 'regn av revolusjon') er ein song fra 2017 med den litauiske elektronikagruppa Fusedmarc. Sangen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.
Om songen
«Rain of Revolution» er skriven av medlemmane i Fusedmarc Viktorija Ivanovskaja og Denis Zujev, saman med låtskrivaren Michail Levin.[1] Songen blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkastaren LRT televizija Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka.[2] Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 11. mars 2017. Der vann han og ble dimed det litauiske bidrag til Eurovision Song Contest 2017.[3][4]
Eurovision Song Contest
I januar 2017 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[5] Semifinalen blei arrangert i International Exhibition Centre i Ukraina torsdag 11. mai, og Litauen hadde startnummer 9.[6] «Rain of Revolution» enda på 17. plass i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai.[7][8]
Kjelder