RS «Willie Wilhelmsen» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1939. Ho vart konstruert av Bjarne Aas, og bygd av K. Christensen & Co. i Risør . I tillegg til segl vart ho utrusta med ein Wichmann glødehovudmotor på 90/140 hk. I 1972 vart ho teken ut or teneste og seld til AS Sjøservice i Inndyr.
Skøyta er oppkalla etter skipsreiar Willie Wilhelmsen fra Tønsberg, som døydde i 1938.
I slutten av andre verdskrigen reiste «Frithjof Wiese» til Skotland med flyktningar. Ho kom ikkje att før krigen var slutt.
I dag er «Willie Wilhelmsen» stasjonert i Trondheim som charterbåt og skuleskip.
Kjelder
Bjørn Fossen: Hundre år med redningsskøyta. Grøndahl og Dreyers Forlag 1994