RS 75 «Sjøfareren»
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Verft:
|
Smedvik mek Verkstad A/S, Tjørvåg
|
Konstruktør:
|
Leif Gjerver
|
Byggjeår:
|
1968
|
Byggjepris:
|
2,5 millionar kroner
|
|
|
Finansiering:
|
Innsamling i høve redningsselskapet sit 75-års jubileum
|
|
|
Eigenskapar
|
Materiale:
|
Stål, Aluminium overbygg
|
|
|
Lengde:
|
28,36 meter
|
Breidde:
|
7,70 meter
|
Djupgåande:
|
3,70 meter
|
|
|
Bunkerkapasitet:
|
55 tonn
|
Motor år:
|
1968
|
Motor:
|
2*365 hk GM diesel
|
Ny motor år:
|
1979
|
Ny motor:
|
1280 hk GM diesel
|
Fart:
|
12 knop
|
Rekkevidde:
|
4800 nautiske mil
|
Mannskap:
|
5
|
Navigasjon og kommunikasjon
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Statistikk
|
Sett inn i teneste:
|
1968
|
Ut av teneste:
|
2004
|
Menneskeliv berga:
|
11
|
Fartøy berga:
|
13
|
Fartøy assistert:
|
1428
|
Personer assistert:
|
1056
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
RS 75 «Sjøfareren» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1968. Ho vart konstruert av Leif Gjerver og bygd av Smedvik mek Verkstad A/S i Tjørvåg på Sunnmøre. Med ei lengd på 92 fot, 28,36 meter, er ho den største redningsskøyta som Redningsselskapet har hatt. Skøyta kosta 2,5 millionar kroner. Det meste av byggesummen vart samla inn i høve 75-års jubileet i Redningsselskapet.
Namnet «Sjøfareren» fekk ho fordi handelsflåten stod sentralt i innsamlingsaksjonen.
På 1970-talet vart «Sjøfareren» vekkleigd til Norges Geografiske Oppmåling for tokt til Svalbard. Det vart montert ein ekstra radar. Han har vorte sett på som ei årsak til at over halvparten av mannskapet som har vore ombord har utvikla fekk kreft.
«Sjøfareren» var i fleire år vekkleigd til Kystvakta. Til liks med dei andre kystvaktfartøya vart han då gråmåla. I 2001 og 2002 var han i aktiv tensete som redningsskøyte.
I 2004 vart «Sjøfareren» seld til Austevoll Supply Shipping. Han fekk då namnet «Ringasund»
Kjelder
- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
- M/S «Ringasund» i SALT Magasinet for kystens næringer og kystens folk nr 2 2011