Qvirila (georgisk ყვირილა) er ei elv som i hovudsak ligg i Imereti vest i Georgia. Ho er ei sideelv til Rioni frå venstre og har opphavet sitt i fjellkjeda Ratsji.
Ved elva ligg byane Satsjkhere, Tsjiatura og Zestaponi.