PyttPytt (av norrønt pyttr)[1] er ei naturleg oppsamling av vatn som kan vera på storleik med eit lite tjern eller mindre, til dømes ein mellombels dam etter nedbør (jf. sølepytt). Pyttar kan også oppstå i tilfeldige hol eller fordjupingar i bakken ved lågvatn. Mindre dyr, som fuglar og insekt, kan bruka pyttar som kjelde til drikke, bading eller næring. Svaler bruker fuktig jord frå pyttar som ein slags sement til å bygga reira sine. Mange sommarfuglar og ein del andre insekt hentar næringsstoff som salt og aminosyrer frå pyttar.[2] Galleri
Kjelder
Information related to Pytt |