Puck var eit vittigheitsblad med frisinna politisk orientering[1] som kom ut i Stockholm frå 1901, som ein konkurrent til Söndags-Nisse. Bladet kom ut ein gong i veka. Det blei redigert av Hugo Vallentin fram til 1910 og deretter av Edvard Forsström. Bladet opphøyrde 1916.[2]
Galleri
-
Framside til Puck frå 1905 som kommenterer folkeavstemminga om norsk lausriving frå unionen.
-
Illustrasjon frå Puck 21. september 1905. Bildeteksten seier: «Il Marius på F.F.:s ruiner. Att alltid mina hus ska spricka!» Bildet framstiller leiaren av Göteborg-avdelinga for Fosterländska Förbundet, Pehr Lithander, med representanter for leiande menn og slekter i Göteborg bak seg.
-
Illustrasjon frå Puck 16. november 1905. Teikningen harteksten «Berg kommer!», og viser til Fridtjuv Berg som var svensk ecklesiastikminister (kyrkje- og utdanningsminister).
Kjelder
- ↑ Den svenska pressens historia. 3, Det moderna Sveriges spegel (1897-1945), Ekerlid, Stockholm 2001. ISBN 91-89617-04-5. Libris 8236965.
- ↑ «Puck». Libris. Kungliga biblioteket. Henta 29 augusti 2017.