«Promise» (norsk omsetjing: ‘løfte’) er ein song med det australske bandet Voyager. Låten blei gjeven ut 21. februar 2023 og var det australske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
«Promise» er skriven av det australske progrock-bandet Voyager. Den 14. november 2022 kunngjorde den australske kringkastaren Special Broadcasting Service (SBS) at dei internt ville velje det australske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.[1]
SBS kunngjorde 21. februar 2023 at Voyager og «Promise» skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Låten har element av rock, synthrock og 80-talsrock.[2]
«Promise» blei skildra som ein «episk, progressiv pop-metal-låt som tek lyttaren med inn i ei kjensleladd historie av eventyr og forløysing».[3]
Australia deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai og var siste bidrag på scena den kvelden i Liverpool. Songen vann semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[4] I finalen fekk «Promise» 151 poeng og enda på ein niandeplass.[5]
Listeplasseringar
Kjelder