Profitt (frå latinprofectus som tyder framgang) er ei vinning eller avkastning ein oppnår. Økonomisk profitt er at ei investering gjev meir attende til investoren en det som er investert. Profitt i ein rekneskap er den positive skilnaden mellom det det kostar å produsere ei vare eller teneste, og det ein får betalt for sal av vara eller tenesten. Ein profitør er ein som tenar umoralsk særs mykje på ei verksemd.