Pripjat (ukrainsk Прип’ять, Prypjat; belarusisk Прыпяць, Prypjats’; polsk Prypeć) er ei elv som renn frå Ukraina inn i Belarus, og så inn i Ukraina igjen, før ho munnar ut i Dnepr. Ho har ei lengd på 710 km.
Pripjat renn gjennom den tretti kilometer store sona rundt Tsjernobylreaktoren der Tsjernobylulykka skjedde. Derfor transporterer ho framleis radioaktive stoff nedover elva. Konsentrasjonen av cesium-137 aukar framleis i mudderet, og har ikkje vorte redusert i avleiringa.
Byen Pripjat (45 000 innbyggjarar) vart totalt evakuert etter Tsjernobylulykka.