Prince Tagoe, (fødd 9. november 1986 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som i 2011 spela som spiss for Partizan i den serbiske fotballigaen, på lån frå Hoffenheim i tysk Bundesliga, og for det ghanesiske landslaget.
Tagoe vart seriemeister i Ghana i 2005 med Accra Hearts of Oak, og vart toppskårar i den ghanesiske eliteserien den same sesongen. Han var med i Ghana sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte tre av Ghana sine fem kampar.[1]
Fotnotar
- ↑ www.fifa.com på engelsk