Preludium og fuge i a-moll, BWV 543 (ei alternativ utgåve har nummeret BWV 543a) er eit orgelverk av Johann Sebastian Bach frå tida han var i Weimar (1708-1717). Det er den siste inkarnasjonen av Bachs cembalofuge i a-moll, BWV 944, komponert i 1708.
Verket er ikkje like kjend som andre orgelverk av Bach, men det vert likevel rekna som like bra som dei beste av dei.[1]
Preludiet er massivt, dramatisk, med eit tungt, kroamtisk fallande tema, som vert enno tyngre når pedalane kjem inn midtvegs i stykket. Mot slutten av sjølve fugen er det ein oppeldna passasje med utvungen ikkje-fugeliknande orgelvirtuositet.[1]
Referansar
Bakgrunnsstoff