Preben er eit dansk mannsnamn danna av det eldre Pridbjørn, som kjem frå det sorbiske namnet Pritbor. Dette er danna av namneledda prid, 'først', og bor, 'kamp'.
Namnet tok til å brukast i Noreg frå 1910-åra. Det blei svært populært rundt 1985, då over 0,25 % av nyfødde gutar kunne få det. Etter ein brukstopp rundt 1995 gjekk bruken nedover. I 2009 var det 2 078 menn i Noreg som heitte Preben.
Namneberarar
Preben von Ahnen (1606-1675), dansk-norsk embetsmann og godseigar