Porter

Porter i glas og flaske.

Porter er ei form for mørkt, overgjæra øl, som har opphav i London og slo gjennom på 1700-talet.[1][2] Det skal ha fått namnet sitt etter berarar, porters, som likte dette ølet, men denne soga er ikkje bekrefta.[3]

Ein sterkare type porter blei kalla Stout porter, noko som seinare blei forkorta til stout.

Drikken passar godt saman med mørk sjokolade, og blei ofte servert til sjokoladekake.

Nokre portertypar

Kjelder

  1. Cornell, Martyn (2 March 2020). The Geography of Beer. Springer Nature. s. 7. ISBN 978-3-030-41654-6. 
  2. Amber, Gold & Black; Cornell, Martyn; The History Press UK, 2010, p. 54.
  3. "The Picture of London", John Feltham, 1802, s. 26, seier at det «obtained the name porter» fordi det var «very suitable for porters and other working people».
  • Vinmonopolets ølplakat, oktober 2001.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.