Det noverande folketalet ligg under 100, medan på midten av 1800-talet var staden den største maoribusetnaden i Canterbury med eit folketal på kring 400.[2] Han har fått namn etter Solomon Levey, ein forretningsmann og skipseigar frå Sydney som sende fleire handelsskip til området kring Bankshalvøya i 1820-åra.
Historie
Bukta vart busett av Ngai Tūāhuriri, ein understamme av iwienNgāi Tahu, og høvdingen Moki kalla henne Koukourarata etter ein bekk i Wellington, til minne om fødselen til far hans, Tu Ahuriri.
Dette var også bustaden til Tautahi, høvdingen som sumplandet Ōtautahi fekk namn etter - no staden der byen Christchurch ligg.
Den første anglikanskekyrkja for maoriar vart bygd her, og ein stein markerer staden der ho stod.
Anna
Delar av Peter Jackson sin film Sorte engler (Heavenly Creatures) frå 1994 vart tekne opp i Port Levy.