Pizzicato er ein spelemåte på strykeinstrument der ein klimprar eller knipsar på strengene i staden for å dra bogen over dei.[1]
Pizzicatotypar
Vanleg pizzicato
Ved vanleg høgrehandspizzicato løftar ein strengen med éin finger og slepp han att. (Ein løftar ikkje strengen så høgt at han slår mot gripebrettet.) Ved raskt pizzicatospel brukar ein gjerne to eller tre fingrar vekselvis. Ein særleg rask pizzicatotype er veksling mellom vanleg pizzicato (høgrehandspizzicato) og venstrehandspizzicato.