Pitbull eller pitbullterrier kan visa til ulike hundar med opphav i kryssingar mellom bulldogg og terrier. Hundetypen er blitt brukt i ulike typar hundekamp (namnedelen pit kjem frå grava ein brukte som kampplass), og har fått rykte på seg for å vera aggressiv og farleg. «Pitbull» kan dermed også brukast i overført tyding om ein person som har liknande eigenskapar. Pitbullar og pitbulliknande hundar er omfatta av ulike restriksjonar fleire stader, og er den hundetypen som oftast blir avliva i omplasseringssenter i USA.[1]
↑Ca. 980 000 hundar, eller 58 % av alle som blei avliva av hundesenter i USA i 2008, var rekna som «pit bull-type dogs». «Decade of adoption focus fails to reduce shelter killing»(PDF). Animal People News6 (XIX). July/August 2009. s. 8–10. Arkivert frå originalen(PDF) 13. juni 2010. Henta 24. oktober 2009.