Pico da Neblina er det høgste fjellet i Brasil og det høgste i Venezuela om ein ser bort frå delen av Andes som ligg i landet. Dessutan er Pico da Neblina den høgste tepui. Neblina er ordet for ‘tåke’ på portugisisk og spansk. Medlemmer frå den brasilianske hæren var dei første opp på toppen i 1965.
Nordsida av tepuien er verna som ein del av Neblina nasjonalpark i Venezuela, likeins er sørsida verna som ein del av Pica da Neblina nasjonalpark i Brasil. Og saman med naboparken Parima-Tapirapeco nasjonalpark i Venezuela dannar dei eit samanhengjande verna område på kring 80 000 km², kanskje det største system av nasjonalparkar som finst i verdas tropiske regnskogar.
Tidlegare var høgda på Pico da Neblina målt til å vere 3 014 meter, men siste målingar viser 2 994 m.[1]
Kjelder