Kapellet vart opna 28. juni1997. Kapellet har form inspirert av ein storbåt, og rommer eit trettitals menneske. Kapellet er meint som eit minnesmerke over Petter Dass - og alle som sleit, og kom bort på havet, i arbeid for det daglege brødet. Samtidig skal det vere eit rom for ettertanke og meditasjon. Karl Erik Harr har måla 12 tavler som illustrerer tekstar av Petter Dass, dei fleste henta frå Nordlands Trompet.