Peter Cornelius, Peter (1865–1934) var ein dansk tenor.
Han debuterte som baryton i København i 1892, og sju år seinare debuterte han som tenor i «Den flygende hollender». I 1906 song han i Bayreuth og fekk stor merksemd for si tyske tolking. Frå 1907 til 1914 hadde han fleire framsyningar i Covent Garden. Han var fast tilsett på Det kongelige teater frå 1892 til 1924.
Ein av elevane hans var den norske operasongaren Erling Krogh.
Kjelder
Bakgrunnsstoff