Peter-Paulus-festninga (russisk Петропа́вловская кре́пость) er rekna som årestaden for St. Petersburg. Festningen blei grunnlagd i mai 1703 på ordre av Peter den store og bygga etter teikningar av Domenico Trezzinis i perioden 1706-1740 som ein stjernefestning.[1]
Festningen har vore eit museum sidan 1924.[2]
Bygningen er den sentrale og viktigaste delen av Det statlege museet for St. Petersburgs historie. Museet er etter kvart blir nærast eineeigar av alle bygningane i festningen, med unntak av bygningen til St. Petersburgs myntverk.
Festninga vart etablert av Peter den store den 16. mai (etter juliansk kalender, frå no av angjeve med "(J)"; 27. mai etter den gregorianske kalenderen) 1703 på den vesle Hare-øya på nordbreidda av Neva. Festningen blei bygd under den nordiske krigen for å verna den komande hovudstaden frå eit frykta svensk motangrep, men tente aldri til dette føremålet. Festningen blei fullført med seks bastionar i jord og tømmer på under eit år, og blei gjenoppbygd i stein i perioden 1706-1740.
Under februarrevolusjonen i 1917 blei festningen angripen av soldatar frå Pavlovskii-regiment den 27. februar (J) og fangane blei sett fri. Under den provisoriske regjeringa som overtok blei hundrevis av tsaristiske tenestemenn haldne til fange i festningen.
Tsaren blei truga med å setjast i fengselet på festningen under tilbakereisa si frå Mogilev til Tsarskoje Selo den 8. mars (J). Trusselen blei ikkje følgd opp, og han blei sett i husarrest. 4. juli (J) freista bolsjevikane eit kupp på festningen. Dei overgav seg til regjeringsstyrkane utan kamp 6. juli (J).
25. oktober (J) kom festningen raskt i hendene til bolsjevikane. Etter ultimatum frå Petrograd Sovjet mot den provisoriske regjeringa i Vinterpalasset, etter tomme salvoar frå kryssaren Aurora kl 21:00, skaut kanonar frå festningen 30 skot mot Vinterpalasset. Berre to av skota traff og påførte berre mindre skadar. Forsvararane nekta framleis å overgje seg. Kl 02:10 om morgonen den 26. oktober (J) blei Vinterpalasset teke av styrkane til Vladimir Antonov-Ovsejenko. Ministrane blei så tekne til fange og ført til festninga som fangar.
I 1924 blei det meste av området gjort om til museum. I 1931 blei Gassdynamikk-laboratoriet lagt til området. Festningen lei store skadar under bombinga av byen under andre verdskrigen då den tyske hæren kringsette byen. Skadane blei reparerte etter krigen.[1]