Peder Nielsen Hemb (23. februar 1782–1. september 1850) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold.
Far til Hem var gardbrukar på Hem. Sjølv tok han i si tid over farsgarden og dreiv denne. Elles var han medlem av heradsstyret og varaordførar. Hem var stortingsmann 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 var han medlem av bankkomiteen, i 1842 av Lagtinget og militærkomiteen, i 1845 framleis i Lagtinget samt medlem av bankkomiteen.
Han døydde på garden sin i Lardal i 1850.
Kjelder