Paul Worley (fødd 16. februar 1950)[1] er ein USA-amerikansk plateprodusent, gitarist og studiomusikarar, hovudsakleg kjend for arbeidet innan country. Han var tidlegare visedirektør i Sony BMG,[2] og var seinare tilsett i leiinga i Warner Bros. Records si avdeling i Nashville.[3] Worley har sidan 2000 hovudsakleg arbeidd som plateprodusent for andre artistar, som Big & Rich, i tillegg til å stundom spele gitar. Han var medprodusent i lag med Victoria Shaw på debutalbumet til Lady Antebellum (2008) og det andre albumet deira, Need You Now (2010). Han oppdaga òg Dixie Chicks og i lag med Blake Chancey produserte han dei to første albuma deira.
Kjelder