Kina (valutakode: PGK) er valutaen i Papua Ny-Guinea. Valutaen er delt inn i 100 toea. Namnet kina kjem frå kuanuaspråket og refererer til perleskjel som blei nytta som valuta.
Papuansk kina blei innført 19. april1975 og erstatta australsk dollar i overgangsfasen før Papua Ny-Guinea fekk sjølvstende frå Australia16. september1975. Den australske dollaren slutta å være gangbar valuta i Papua Ny-Guinea 1. januar 1976. Tidlegare har både Ny-Guineapund (australsk kolonivaluta) og Ny-Guineamark (tysk kolonivaluta) vore brukt.
Myntar
I 1975 blei myntar sette i sirkulasjon, i valørane 1, 2, 5, 10 og 20 toea i tillegg til 1 kina. Myntane for 1 og 2 toea blei prega i bronse, medan dei resterande myntane blei prega i koparnikkel. 1 kina-mynten er rund med hol i midten; mynten blei redusert i storleik i 2006 og den større mynten blei ugyldig som betalingsmiddel frå 31. desember 2008. I 2006 blei myntane for 1 og 2 toea tatte ut av sirkulasjon og blei ugyldige som betalingsmidlar frå 19. april 2007. Framsida av ein 1 toea-mynt viste ei fuglevinge, medan ein 2 toea-mynt viste ein drakefisk.[1] I 1980 blei 50-toeamynten introdusert, men berre gjeven ut i minneform utan standarddesign. I 2021 blei 50-toeamynten sett i sirkulasjon, med fuglefangar-motivet som blei brukt på den tidlegare 1 toea-mynten.[2]
Den 19. april 1975 blei setlar sette i sirkulasjon, i valørane 2, 5 og 10 kina, som erstatta den australske dollaren. Kina-setlane var i sirkulasjon saman med den australske dollaren fram til 1. januar 1976, då dollaren slutta å vere gangbar betalingsmiddel. 20 kina-setelen blei introdusert i 1977, 50 kina-setelen i 1988 og 100 kina-setelen i 2005. Fargene på dei forskjellige valørane er dei same som dei gjeldande og tidlegare australske dollarsetlane. Frå og med 1991 har dei papuanske setlane blitt trykte på polymer. I 2009 gav Bank of Papua New Guinea ut Kina & Toea Day-minnesetlar, som blei trykte på papir.[3]
Ein ny serie med setlar blei i ein periode frå 1999 til 2008 sette ut i sirkulasjon. Den fyrste setelen var 50 kina-setelen i 1999, etterfølgd av 1000 kina-setelen i 2005, 2 og 20 kina i 2007 og 5 og 10 i 2008.[4][5][6][7][8][9] Dette førte til at samtlege valørane av kinasetlane blei gjevne ut i polymer. Bank of Papua New Guinea slutta å akseptere papirsetlar frå 31. desember 2014 og er ikkje lenger gangbar som betalingsmiddel.[10]