Pannebeinet eller frontalbeinet (lat.os frontale) er ein knokkel i den øvre framdelen av hovudskallen hjå menneske. Namnet kjem frå det latinske ordet frons, som tydar «panne». Knokkelen er forma som ein hjartemusling, og er samansett av tre delar: squama frontalis, den flate og største delen, hovudregionen av panna; pars orbitalis ossis frontalis, den horisontale og nest-største regionen; og nasepartiet, som artikulerar med nasebeina og processus frontalis maxillae for å forme naserota.