Påskekort er ein type kort delt ut eller sendt som postkort i samband med påske. Det kan innehalda ei påskehelsing og motiv knytt til påske som kan vera religiøse eller sekulære.
Historie
Ein byrja senda påskekort på slutten av 1800-talet. Dei bygde på tradisjonar med påskebrev, brev som barn laga og gav kvarandre i Sverige på 1800-talet, og den aukande interessa for prospektkort. Det var særleg i Tyskland ein byrja trykka påskekort, men dei blei etterkvart laga i fleire land.[1]
Frå 1900 blei det send og laga mange påskekort i Noreg, med ei stordomstid rundt andre verdskrigen.[2]
Skikken gjekk tilbake mot slutten av hundreåret, til dels erstatta av e-kort og andre elektroniske kommunikasjonsmiddel.
I Sverige kan barn framleis dela ut heimelaga påskekort eller påskebrev når dei går «påskebukk» utkledde som påskehekser og liknande.[3][4]
Motiv
Utbreidde motiv på tidlege tyske påskekort var påskeharen.[1] Etterkvart som påskekort blei laga fleire stader fekk ein fleire religiøse motiv, som krossar, kyrkjer eller kyrkjegang, og fleire sekulære påsketradisjonar som egg, kyllingar, høns og harar, vårplantar som gåsungar, påskeliljer og påskeris, figurar som påskehekser og påsketroll, og påskeaktivitetar som skigåing og hytteliv.[2]
Ofte blir fleire motiv nytta samtidig. Nokre påskekort kan vera humoristiske, til dømes med dyr som oppfører seg som menneske. Nokre kan oppfattast som politiske, som eit kort frå andre verdskrigen med ein marsjerande hane framfor rekkjer av høns - tolka som eit symbol på «Hitler med alle sine høns.»[5]