Oriontåka (katalogisert M42 og NGC 1976) er ei gasståka og ein H II-region i stjernebiletetOrion. Tåka ligg i Orion sitt sverd ved ein avstand på 1 270±76 lysår og er det området nærast jorda med massiv stjernedanning. Ho er òg éi av dei mest lyssterke tåkene og er synleg for det blotte auga.