On Fire av The Roop
«On Fire» (norsk omsetjing 'i brann') er ein popsong som vert framført av det litauiske bandet The Roop. Songen skulle ha vore det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[1] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2] Songen vart utgjeven for strøyming og digital nedlasting 14. januar 2020, og gjekk til topps på den litauiske singellista månaden etter.[3]
Eurovision Song Contest
«On Fire» vart det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, etter at The Roop vann den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo! (la oss prøve igjen!) 15. februar 2020. Vinnaren av tevlinga får representere Litauen i Eurovision Song Contest. Songen var favoritt hos både juryen og sjåarane, og den vann telefonavrøystinga soleklart med over 50 000 røyster – 35 000 meir enn andreplassen.[4] Like etter sigeren vurderte spelselskapa Litauen som ein av favorittane til å vinne Eurovision Song Contest 2020.[5] Litauen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994, og den beste plasseringa i landet er ein sjetteplass frå 2006.[6] Songen gjekk òg til topps på den litauiske singellista etter den nasjonale finalen.
I januar 2020 vart Litauen trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen Covid-19.[8] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Sporliste
Listeplasseringar
Utgjevingshistorikk
Referansar
- ↑ «THE ROOP wins 'Pabandom is naujo! 2020' with "On Fire"». wiwibloggs (på engelsk). 15. februar 2020. Henta 15. februar 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «2020 8-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 29. februar 2020.
- ↑ «Lithuania: The Roop's grand final televote figures revised» (på engelsk). 19. februar 2020. Henta 21. februar 2020.
- ↑ «Eurovision 2020 Odds: Lithuania Second Favourite To Win - 18 February» (på engelsk). 18. februar 2020. Henta 21. februar 2020.
- ↑ «Lithuania – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020.
- ↑ «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 9,0 9,1 «On Fire - Single by The Roops on Apple Music». Apple Music. Henta 16. februar 2020.
|
---|
1960-åra | |
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra | Das Beste (Austerrike, 1990) · Our Little World of Yesterday (Malta, 1990) · Ett liv (Noreg, 1991) · Soleil, soleil (Sveits, 1992) · Muretut meelt ja südametuld (Estland, 1993) · Árva reggel (Ungarn, 1993) · Nu pleca (Romania, 1993) · Amnestia na neveru (Slovakia, 1993) · 1994 til 1995 · Kun med dig (Danmark, 1996) · Samo ti (Makedonia, 1996) · Planet of Blue (Tyskland, 1996) · Fortuna (Ungarn, 1996) · Shalom olam (Israel, 1996) · Rugă pentru pacea lumii (Romania, 1996) · Ja eto ja (Russland, 1996) · 1997 · Solntse mojo (Russland, 1998) · Starac i more (Bosnia-Hercegovina, 1999) · Hör den Kindern einfach zu (Tyskland, 1999) |
---|
2000-åra | |
---|
2010-åra | Far Away (Kviterussland, 2010) · I Love You (Ukraina, 2010) · To Be Free (Ukraina, 2010) · I Am Belarusian (Kviterussland, 2011) · All My Life (Kviterussland, 2012) · Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song) (San Marino, 2012) · Per sempre (Italia, 2012) · Rhythm of Love (Kviterussland, 2013) · Imperija (Makedonia, 2013) · Kismet (Bulgaria, 2013) · Cheesecake (Kviterussland, 2014) · Diell (Albania, 2015) · Heart of Stone (Tyskland, 2015) · Chameleon (Malta, 2016) · Përrallë (Albania, 2016) · Moment of Silence (Romania, 2016) · Flame Is Burning (Russland, 2017) · Siren Song (Ukraina, 2019) |
---|
2020 | |
---|
2020-åra | |
---|
|
|