Oluf Gabriel Lund (8. mai 1873–29. november 1966) var ein norsk hærmann frå Kristiania.
Lund var son til ein butikkeksepeditør i hovudstaden. Sjølv valde han ein militær leveveg, var offiser frå 1894 og tok eksamen ved Krigsskulen i 1897. Han gjorde teneste i generalstaben, og underviste i perioden 1910-17 i topografi ved Krigsskulen. I 1929 vart han forfremja til oberst, og samstundes utnemnd til sjef for Infanteri Regiment 10. Frå 1937 var han krigskommissær i krigskommissariatet for Vestlandet. I 1940 vart han dømd til døden av den tyske okkupasjonsmakta, ein dom som vart omgjort til fem års straffarbeid. Lund var sett fri i 1943.
I 1945 gav han ut boka Dødsdømt.
Bibliografi
- Lund, Gabriel (1945). Dødsdømt. Mortensen.
Kjelder