Olga Meyer (8. august 1930–27. august 2018) var ein norsk journalist og pedagog frå Fana, kjent som programleiar i NRK der ho verka frå 1969 til 2000.[1]
Ho var utdanna lærar og arbeidde som dette i Oslo og heimbygda Fana fram til 1969, då ho vart engasjert i NRK, etterkvart som programsekretær. Ho leia
Kvardagen,
Forbrukaren har ordet,
På direkten,
Sånn er livet
og
Ekko. I perioden 1995-2000 bidrog ho i Nitimen med
innsamla dyrehistorier, eit arbeid som hjelpte i arbeidet med å verne truga norske storferasar.[2]
Ho vart portrettert av Andreas Lunnan i Sølvsuper.[3]
Utgjevingar
- Dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1996). Illustrert av Øyvind Hansen
- Nye dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1997). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
- Gode dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1998). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
- Fine dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1999). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
- Kjære dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 2000). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
Utmerkingar
Kjelder
- Fotnotar