Ole Torstein Rasmusson Sollid (3. januar 1793–8. juli 1873) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ørskog.
Sollid var frå garden Nedre Sollid i Ørskog. Han var 1811-18 skulehaldar i heimbygda. Då han slutta som lærar vart han gardbrukar på farsgarden, garden dreiv han til 1861. I 1822 vart han forlikskommissær, eit verv han hadde til han døydde 51 år seinare.
Sollid var valmann ved alle stortingsval i perioden 1833-59, med unnatak av valet til 1856-forsamlinga. På fyrste valmannssamlinga han deltok i, vart han vald til å representere Romsdals amt på Stortinget, sameleis i 1836 og på det overordentlege stortinget 1836-37 og i 1839. Han var medlem av bankkomiteen. Sollid var 1838-39 fyrste ordføraren i Ørskog, og på ny i 1844-45. Han møtte elles mange år i heradstyret.
Kjelder