Ole Nærlieie (1887–1955) var ein norsk spelemann frå Flesberg i Numedal.
Han voks opp på husmannsplassen Lanerud under Nærli gard ved elva Lona i Lyngdal. Han heitte først Ole Knutsen, men tok namnet Nærlieie då han flytta frå garden.
Nærlieie flytte til Kongsberg alt i 1910, og budde det meste av livet sitt der. Her hadde han arbeid som brannkonstabel. Han hadde spelet sitt frå mellom andre Narve Hytta, Ole Haugan og Gullik Sandbek.
I si tid var han mykje nytta som dansespelemann, og vidgjeten som ei god kjelde. Han spela mykje i festleg lag både i Flesberg og i Numedalslaget i Oslo. Han var og aktiv i Bondeungdomslaget på Kongsberg.
Han hadde spela mykje med Ole Hakkelberg frå Svene, og desse spela og saman i NRK i 1932. Elles var Ole Nærlieie smålåten og spela lite på kappleik eller i radio elles. Olav K. Bratås, Hellik Juveli og Leif Aasane førte spelet hans vidare i Numedal.
Ole Nærlieie sat og inne med ei rekkje runddans-slåttar, mange av dei etter Ole Haugan.
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |