Ole Nilsson Lødøen (12. desember 1861–4. november 1932) var ein norsk lærar og bonde frå Hornindal.
Lødøen tok eksamen ved lærarskulen i Klæbu i 1882. I tida 1885 til -93 var han lærar på Frøya og Hitra. I 1893 reiste han heim til Hornindal og tok over farsgarden. Jamsides var han lærar i heimbygda til 1927. Lødøen laga «fiskemodellar, plansjar til gram. og desimalsystemet, musikk til multiplikasjonstabellen o.a.»[1]
Fotnotar
Kjelder