Ole Jakob Hanssen Sørum (4. desember 1844–30. desember 1904) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Ullensaker i Akershus. Han var medlem av Venstre.
Sørum var son til ein gardbrukar. I unge år var han lærar i Gjerdrum. Sidan gjekk han Asker seminar, eksamen 1865. Ei kort tid var han lærar i Strømmen, så lærar i Lier frå 1866. År 1880 kjøpte han gard og dreiv denne attåt læraryrket. Sørum var medlem av heradsstyret frå 1873, ordførar 1884-88. Nokre år var han formann i skulestyret i Lier, frå 1890 av amtsskulestyret i Buskerud. Elles var han både forlikskommissær og medlem av anleggsstyret for Lierbanen.
Sørum, som var formann i venstreforeininga i Buskerud, representerte Buskeruds amt 1883-88 på Stortinget. I begge periodane var han medlem av næringskomite nr 2. År 1888 også sekretær i Odelstinget.
Sørum døydde på garden sin i Lier i 1904.
Kjelder