Ole Ingebrigtsen Soelberg (11. oktober 1798–2. januar 1874) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Soknedal i Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann i lang tid, møtte fyrste gongen i 1833 og siste gongen i 1854, samt ordførar i Strinda i fleire periodar. Han var far til Lars Soelberg.
Soelberg var fødd og oppvaksen på garden Søre Solberg i Soknedal. Sjølv tok han underoffiser-eksamen i 1818 i Trondheim. 1818-39 var han overjeger ved holtålske, seinare selbuske kompani av det trondhjemske nasjonale jegerkorps. Han var gardbrukar på farsgarden i Soknedal til 1835, kjøpte då garden Hegdalen i Strinda. Året etter selde han Hegdalen og kjøpte Øvre Rotvoll i same herad. Soelberg selde i 1860 Rotvoll-garden til amtet, som oppretta Rotvoll landbruksskule der (skulen vart flytta til Skjetlein i 1900), han kjøpte samstundes bruket Hesthagen ved Gløshaugen i Strinda.
Soelberg representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1833, 1836, 1836-37, 1842, 1845, 1851 og 1854. Han var medlem av militærkomiteen 1833, kyrkjekomiteen 1836, bevilgningskomiteen 1836-37, protokollkomiteen (1842 og 1845) og i 1842 komiteen om embetsgardar. Medlem av Lagtinget både 1851 og 1854, elles med i militærkomite nr. 2 i 1851 og vegkomiteen i 1854.
Soelberg var i ein mannsalder jamt ordførar i Strinda. Fyrste gongen 1839-41, og sidan 1843, 1847-49, 1856-57 og 1860. Han var også forlikskommissær og sparebankdirektør.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff