Ole Hansen Cudrio (21. januar 1767–10. desember 1822) var ein norsk kjøpmann i Skien og stortingsmann i ein periode.
Cudrio var son til ein kjøpmann i Skien, Hans Arnesøn. Han brukte etternamnet til morsslekta, truleg grunna i at han voks opp hos ein morbror. Ole Cudrio dreiv som faren handel i heimbyen. I 1818 møtte han på Stortinget som representant for Skien, grunna sjukdom vart han permittert allereie 4. februar. Tønnes Taralsen kom i staden hans.
Cudrio døydde i fødebyen i 1822.
Kjelder
Bakgrunnsstoff