19. november 2010 (60 år)
Ole Bjørn Støle (9. april 1950–19. november 2010) var ein norsk jurist og dommar i Høgsterett.
Støle var fødd i Bergen. Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1976. Han arbeidde deretter mellom anna i Justisdepartementet si lovavdeling, som dommarfullmektig i Kristiansand byrett, advokat hos Regjeringsadvokaten, der han fekk møterett for Høyesterett i 1982, lagdommar i Gulating lagmannsrett og som privatpraktiserende advokat. Han tiltredde som høgsterettsdommar 1. august 2002. I perioden 2006-2010 hadde Støle permisjon frå Høgsterett for å vere dommar ved ICTY (Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia).