Han vart kalla Olbia i romartida, Civita i mellomalderen (Giudicati-perioden) og Terranova Pausania før 1940-åra. Olbia vart igjen det offisielle namnet etter perioden med fascisme. Han er det økonomiske senteret i denne dele av øya og ligg svært nær det kjende turistområde Costa Smeralda.
Historie
Olbia er ein svært gamal stad og vart truleg grunnlagd av grekarar, i alle fall i følgje ei lokal segn. Han inneheld ruinar frå fønikiarar og kartagarar i romartida, då han var ei viktig hamn. I mellomalderen var han hovudstad i Giudicato av Gallura, ein av fire sjølvstendige statar på Sardinia.