Olav Jenssen
Olav Jenssen (fødd 11. mai 1962) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Porsgrunn som fremst tevla i diskoskasting, ei tid òg i kulestøyt. Han vart noregsmeister i diskoskasting 1987, 1997 og 1998. Perioden 1986-2001 sanka han 14 NM-medaljar, av dei 13 i diskoskast. Han var medlem av Urædd, bortsett frå åra 1995-98 då han representerte SK Vidar.
Aktiv
Jenssen sette i 1985 personleg rekord i kulestøyt med 18,60 meter. Same sesongen kasta han for fyrste gong over 60 meter i spesialøvinga diskoskast. I 1986 flytta han sitt personbeste til 62,02 m og fekk delta i EM i friidrett 1986. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 63,32 m ved eit stemne i USA, før han sikra seg gullmedaljen i noregsmeisterskapen 1987. Gjennom 1988-sesongen auka han sitt personbeste i tre tevlingar, sist til 64,54 m i Spikkestad. Jenssen fekk opp sitt livs beste kast i Salinas i California den 24. mai 1989. Med 66,28 meter vart han tredjemann i tevlinga, kastet vart også årsbeste av ein nordmann.
Etter eit par svakare sesongar kvalifiserte Jenssen seg til Sommar-OL 1992 i Barcelona. Han kasta då 60,00 meter i kvalifiseringa, lengst av dei som ikkje fekk finaleplass. Siste halvdelen av 1990-åra heldt han eit jamt bra nivå og vann NM-gull i 1997 og 1998. Han fekk òg ta del i Friidretts-VM 1995 og 1997, samt Friidretts-EM 1998. I løpet av si lange aktive tid møtte Jenssen sterke nasjonale konkurrentar som Knut Hjeltnes, Svein Inge Valvik og Einar Kristian Tveitå.
Medaljar i noregsmeisterskap
- 1986 i Sandnes: Bronsemedalje i diskoskast – 60,30 m
- 1987 i Nesbyen: Gull i diskoskast – 60,18 m, framom Svein Inge Valvik (59,70 m)
- 1988 på Byrkjelo: Sølv i diskoskast – 58,74 m, bakom Knut Hjeltnes (61,24 m)
- 1989 i Stjørdal: Bronse i kulestøyt – 17,12 m, og i diskoskast – 59,72 m
- 1990 i Moss: Bronsemedalje i diskoskast – 58,22 m
- 1991 i Fana: Sølv i diskoskast – 58,20 m, bakom Svein Inge Valvik (62,60 m)
- 1992 i Mosjøen: Bronsemedalje i diskoskast – 57,56 m
- 1995 på Lillehammer: Sølv i diskoskast – 60,06 m, bakom Svein Inge Valvik (60,92 m)
- 1996 i Kristiansand: Bronsemedalje i diskoskast – 58,32 m
- 1997 i Overhalla: Gull i diskoskast – 59,70 m, framom Knut Hjeltnes (59,08 m)
- 1998 i Askøy: Gull i diskoskast – 62,00 m, framom Einar Kristian Tveitå (60,67 m)
- 1999 på Byrkjelo: Bronsemedalje i diskoskast – 59,74 m
- 2001 i Drammen: Bronsemedalje i diskoskast – 55,21 m
Personlege rekordar og årsbeste i diskoskast
År |
1983 |
1984 |
1985 |
1986 |
1987 |
1988 |
1989 |
1990 |
1991 |
1992 |
1993 |
1994 |
1995 |
1996 |
1997 |
1998 |
1999 |
2000 |
2001
|
Lengde |
55,00 |
56,42 |
60,60 |
62,02 |
63,32 |
64,54 |
66,28 |
60,98 |
60,04 |
64,36 |
55,52 |
58,90 |
63,36 |
63,06 |
62,70 |
63,91 å |
61,87 |
60,18 |
57,43
|
Kjelder
|
|