Olav Øysteinsson Håkanes (1. mars 1822–26. oktober 1908) var ein norsk gardbrukar og spelmann frå Tinn.
Han var fødd på garden Håkanes, og tok i si tid over farsgarden. Som hardingfelespelar lærde han mest av Knut Lurås, ein kar han var i slekt med både far- og morsida. Han lærde også av Håvard Gibøen og Knut Synnstaul. Håkanes var særleg glad i såkalla rekvespel, og skal ha hatt «mykje vossetakt i slåttane sine».[1]
Også sonen Øystein Håkanes var ein kjend hardingfelespelar.
Kjelder