Ola A Vestrheim (fødd 2. november 1925) var ein norsk gardbrkar og lokalpolitikar frå Leikanger. Han var ordførar i Leikanger i periodane 1979-1983 og 1987-1991.
Vestrheim var gardbrukar i grenda Eitorn lengst vest i kommunen, og representerte Høgre i kommunestyret. Ei av dei viktigaste sakene i hans tid som ordførar var framtida til sørsidebygdene Feios og Fresvik, som vart overførte til Vik i 1992. Vestrheim var såleis den siste ordføraren som måtte slita med striden mellom soknene.