Det einaste som er kjent om Odd Kikinaskald, er at han var i Noreg omkring den tida då kong Magnus den gode døydde i 1047. Kva tilnamnet hans tyder, er uvisst.
Av diktinga hans, kjenner ein til berre tre vers[6] av eit arvekvad om kong Magnus. Det første verset omtalar striden mot vendane ved Århus; dei to andre handlar om den store sorga folk kjende, då kong Magnus døydde og liket hans vart ført heim til Noreg.
Språkmannen Finnur Jónsson karakteriserer Odd Kikinaskald slik: «Et blødt og af sorg let bevægeligt sind», og eit av versa lyder slik (norsk omsetjing etter Finnur Jónsson):