O angenehme Melodei, BWV 210a, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1729 som ei hyllest til hertug Christian av Sachsen-Weißenfels og grev Joachim Friederich von Flemming.
Teksten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Alt som finst av denne kantaten er i dag soprandelen. Det meste av musikken finst att i O holder Tag, erwünschte Zeit, BWV 210, og derfor er det i røynda berre resitativa som er heilt tapte.