Néa Mákri (gresk Νέα Μάκρη) er ein av dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Néa Mákri var tidlegare ein eigen kommune, men inngår frå 2011 i kommunen Marathónas i periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Néa Mákri 18 114 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 16 906 innbyggjarar.[1]
Området var tidlegare kalla Plésti, men etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange greske flyktningar her frå byen Mákri i Vesleasia (i dag Fethiye i Tyrkia). Plésti fekk då namnet «Nye Mákri» eller Néa Mákri.[2]
Referansar
Bakgrunnsstoff