Nysa-asteroidane (også kjende som Hertha-familien eller Polana-familien) er ei gruppe asteroidar i hovudbeltet som går i bane rundt Sola ved mellom 2,41 og 2,5 AE. Asteroidane i denne familien har eksentrisitetar på mellom 0,12 og 0,21 og ei banehelling på mellom 1,4 og 4.3 grader. [1] Familienamnet kjem frå den mest massive lekamen i familien som er 44 Nysa.
Undergrupper
Asteroidane i Nysa-familien er typisk inndelte i to grupper med ulik mineralsk samansetning: Nysa og Polana. Bortsett i frå 44 Nysa og 135 Hertha er asteroidane i Nysa-familien S-type-asteroidar. Asteroidane i undergruppa Polana, som 142 Polana, er for det meste F-type-asteroidar. [2]
Asteroidar i familien
Namn |
a |
e |
i
|
44 Nysa |
2,423 |
0,149 |
3,703°
|
135 Hertha |
2,428 |
0,206 |
2,306°
|
142 Polana |
2,418 |
0,136 |
2,238°
|
750 Oskar |
2,444 |
0,130 |
3,952°
|
2984 Chaucer |
2,470 |
0,135 |
3,054°
|
2391 Tomita [3]
|
2509 Chukotka
|
2710 Veverka
|
3048 Guangzhou
|
3069 Heyrovsky
|
3172 Hirst
|
3467 Bernheim |
2,409 |
0,149 |
4,112°
|
3952 Russellmark
|
4797 Ako
|
5075 Goryachev
|
5394 Jurgens
|
7629 Foros
|
[4]
Fotnotar
- ↑ http://www.easysky.de/eng/screenshots/index.htm
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 17. desember 2006, henta 1. januar 2008
- ↑ «The Puzzling Case of the Nysa–Polana Family» (frå heil artikkel)
- ↑ http://ssd.jpl.nasa.gov/sbdb.cgi