Ny-Friesland er ei halvøy og eit landområde heilt nordaust på Spitsbergen iSvalbard. Det utgjer det nordlegaste punktet på øya ved Verlegenhuken, og er avgrensa geografisk i nord av Hinlopenrenna og Hinlopenstretet, av Wijdefjorden mot vest, og av Atomfjella og Chydeniusfjella mot sør. Fjella markerer overgangen mot Olav V Land. Det høgaste fjellet på Svalbard, Newtontoppen, og det nest høgaste, Perriertoppen, ligg i Ny-Friesland.[1]
Halvøya har fått namnet sitt etter landskapet Friesland i Nederland.[2]
Ny-Friesland har høge og bratte fjell i sørvest og mindre bratte fjell i nord og aust. I nord ligg to store isbrear: Åsgardfonna og utstikkaren Valhallfonna, og Balderfonna i søraust mot Hinlopenstretet.
Arve Staxrud var den første som kryssa Ny-Friesland då han i 1913 var på veg for å redde overlevande etter Herbert Schröder-Stanz sin ekspedisjon i Sorge Bay (Sorgfjorden).[3]
Kjelder
↑Henriksen, Petter (red.). «Ny-Friesland». Store norske leksikon (på Norwegian). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 13 November 2011. CS1 maint: Unrecognized language (link)