Festivalen vart arrangert første gong i 1988 og er ein av dei største bluesfestivalane i Nord-Europa. I 2002 var det 23 000 personar som kjøpte billett til arrangementet.
Festivalen har sidan 1991 delt ut ein eigen bluespris til artistar, personar eller organisasjonar som har gjort ein spesiell innsats for bluesen i Skandinavia. Prisen går under namn NBFs Bluespris og vinnaren får 20 000 kroner og ein statuett.