Nordrevoll er ein gard og ein veg i Fana bydel i Bergen mellom Øvsttun og Ulsmåg.
Historie
Jordvegen var tidlegare ein del av utmarka til Øvsttun og vart utskilt som eige bruk kring år 1800. I dag er heile den tidlegare garden utparsellert til bustadhus.
Veg
Nordrevoll er òg namnet eine vegen i området. Han er ein sideveg av Stemmelia og kring 200 meter lang.
Geografi
Garden ligg like sør for Midtunelva, skvist inn mellom Ulsmåg i aust og Øvsttun i sør og vest. I nord ligg Midtun.
Kjelder