«Nordlys» er ein song av Nora Brockstedt og Per Müller frå 1968. Songen er skriven av Tor Hultin og Ola B. Johannessen.[1]
«Nordlys» deltok i Melodi Grand Prix 1968, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1968 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Nora Brockstedt med eit lite orkester, og så på nytt av Per Müller med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med ti poeng; tre frå Hamar, to frå Vadsø og Tromsø og eitt frå Stavanger, Kristiansand og Oslo.[2][3]
Fotnotar